30. nov. 2008

Klatrebamse i "bruk"


Med å halde litt strekk på snorene å so dra vekselvis
i høgre - venstre, so vil bamsen klatre oppover. Dette
var eit poppulært produkt.

22. nov. 2008

Fleire fellesprosjekt.


Eg laga "bamsane" og Sigrun strikka klær i
hundrevis.

Meir husbygging


Dette byggde vi i Svidalen, Jølster 1979 - 80.
Det meste, innvendig, gjorde vi sjølv.

Husbygging


Dette huset bygde vi i Svelgen 1956

21. nov. 2008

Tegning og sying av faner.


I fellesskap har vi utforma og laga 9 faner.
Eg tegna og klypte bokstavar og dekorasjonar,
Sigrun sydde laga duskar . Det var ganske
mykje arbeid.
Oppdragsgivarar var: Jølstrakoret,
Vassenden Skulemusikk, Jølster Musikklag,
Førde Jern og Metall, Bygstad Indremisjon,
Svelgen Skulemusikk, Hjelle Skulemusikk,
Krokane - Brandsøy Skulemusikk og
Ullaland Songlag.
Vi hadde "finger" med i fana til Svelgen Songlag.
Eg tegna og utkastet til fana til Svelgen Turn
og Idrettsforening.

Eit "talent" vart født.


Som elleveåring var eg ærendsgut til treskjærar Johannes Fossheim på Jølster. Han meint at eg hadde visse anlegg, so eg fekk prøve meg i "faget". Det vart til at eg fekk grovskjære figurar som denne, og Johannes finskar dei.