28. des. 2008

Bedriftsblad "produksjon"


Produksjonen av bedriftsbladet
til Smelteverket var og eit slikt
felles foretak. Eg hadde oppsettet,
og trykking, Sigrun hadde bret-
ting og stifting. Det siste vart
gjort for hand. Opplaget var på
500 eksemplar, med 22 sider i
snitt. Litt av ein jobb.

8. des. 2008

Juletrefot på juletreteppe


Teppet er frå Stakaldefoss tida . foten er frå Svidals tida.

7. des. 2008

Soppkveld i Svidalen.


Dette er frå ein periode at det
var "topp med sopp"

På Marknad.


Frå ein av Lærdalsmarknadane

4. des. 2008

"Bremångar"


I "långe" vaktveker motte ein finne
på noko å fordrive tida med, å då var
det berre å finne fram hoggjern og
gummiklubba å sette igong.

Julenissar 2008


Flaskenissar 2005


30. nov. 2008

Klatrebamse i "bruk"


Med å halde litt strekk på snorene å so dra vekselvis
i høgre - venstre, so vil bamsen klatre oppover. Dette
var eit poppulært produkt.

22. nov. 2008

Fleire fellesprosjekt.


Eg laga "bamsane" og Sigrun strikka klær i
hundrevis.

Meir husbygging


Dette byggde vi i Svidalen, Jølster 1979 - 80.
Det meste, innvendig, gjorde vi sjølv.

Husbygging


Dette huset bygde vi i Svelgen 1956

21. nov. 2008

Tegning og sying av faner.


I fellesskap har vi utforma og laga 9 faner.
Eg tegna og klypte bokstavar og dekorasjonar,
Sigrun sydde laga duskar . Det var ganske
mykje arbeid.
Oppdragsgivarar var: Jølstrakoret,
Vassenden Skulemusikk, Jølster Musikklag,
Førde Jern og Metall, Bygstad Indremisjon,
Svelgen Skulemusikk, Hjelle Skulemusikk,
Krokane - Brandsøy Skulemusikk og
Ullaland Songlag.
Vi hadde "finger" med i fana til Svelgen Songlag.
Eg tegna og utkastet til fana til Svelgen Turn
og Idrettsforening.

Eit "talent" vart født.


Som elleveåring var eg ærendsgut til treskjærar Johannes Fossheim på Jølster. Han meint at eg hadde visse anlegg, so eg fekk prøve meg i "faget". Det vart til at eg fekk grovskjære figurar som denne, og Johannes finskar dei.

Ein spe start


Eg har alltid vært oppteka med handarbeid
som strikking, hekling og sying. Dette vil etter
kvart komme fram i denne bloggen.